Debatt - bygd for syklistar

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Er Voss bygd for syklistar?

Bilete av ein sykkel
Bilete av ein sykkel
Bilete av ein sykkel

Gratis - inga påmelding

Dato

tysdag, 25. mars

Tid

19:00 - 20:30

Arrangør

Voss herad og Avisa Hordaland

Me vil synleggjera barrierar og målkonfliktar knytt til sykling, både når det gjeld infrastrukturen i sentrum, omkring i heradet og sykling i naturen.

Program:

  • Kva er bra og kva er dårleg med å vera syklist på Voss? Jørund Rong fortel.
  • Tema 1: Sykkelvegane heng ikkje saman – kvifor er det slik?

Voss er full av entusiastiske syklistar, trass i ein infrastruktur som i liten grad spelar på deira lag. Kva grep må me ta for å gjera det tryggare og kjekkare å vera syklist i Voss herad?

I panelet: heilårssyklist Bart van Schendel, ordførar Tonje Såkvitne, Bjørg Lirhus Ree frå Voss herad, med fokus på trafikktryggleik og Anders Hegland Lauritzen frå Voss sentrum.

Tema 2: Skal det vera greitt å sykla overalt – også i fjella?

Voss har eit levande friluftsmiljø og mange som vil utforska naturen på to hjul. Me har nokre aktørar som driv guida sykkelturisme i terrenget, og mange som syklar rund åleine. Samtidig har me rundt 35 000 dyr på beite kvar sommar, og me har villrein som er veldig sårbare for menneskeleg påverknad.

I panelet: Bjørnar Nedkvitne frå Bondelaget, landbruksrådgjerar i Voss herad Inger Marie Hernes, Margrethe Alm frå Utferdslaget og Marcio Franco frå Outdoor Norway, han driv med mellom anne sykkelturisme i terrenget.

Debatten er i samband med heradet sitt arbeid med ny kommuneplan.