Litteratur og forteljing
Bokdykk med Helga Flatland og Mikkel Bugge
Velkomen til eit spanande forfattarmøte i biblioteket!
Legg til i kalenderGratis - inga påmelding
Dato
Tid
Stad
Voss bibliotek - Glaskroken
Arrangør
Denne kvelden dykkar me ned i Helga Flatland sin nyaste roman 'Etterklang' der både ho og hovudpersonen returnerer til bygda i Telemark. Samtalen blir leia av forfattarkollega Mikkel Bugge.
I romanen 'Etterklang' møter me Mathilde og Johs som på kvar sin kant kjenner seg einsame, ute av kontakt med verda. Det er byrjinga på pandemien og Noreg blir stengd ned. Kva skjer når byjenta Mathilde rømjer til landsbygda på jakt etter det ekte og autentiske livet?
Få skriv så truverdig om mellommenneskelege relasjonar som Flatland. Med imponerande presisjon utforskar ho kjærleiksband, relasjon mellom mor og born, og det å leve i skuggen av kjende foreldre og besteforeldre.
Det er både attkjennande og gripande.
Relatert litteratur
Etterklang
Flatland, Helga