Badnajazz i biblioteket
Aina Basso vitjar biblioteket og Vossa Jazz i samarbeid med Falturiltu!
Gratis - inga påmelding
Aina Basso kjem til Voss bibliotek, og Frode Haltli er med på laget.
Aina Basso er ein anerkjent og prisbelønt forfattar og fekk i 2022 tildelt Samlagsprisen, der juryen påpeika at «Aina Basso utmerkar seg i samtidslitteraturen ved å skriva historiske romanar frå ståstaden til unge, utsette kvinner frå historia».
Basso er utdanna historikar, og sjølv om bøkene hennar legg vekt på å vera historisk korrekte, så står dei på eigne bein som drivande gode skjønnlitterære verk.
For ungdomsromanen Inn i elden blei Basso nominert til Brageprisen, Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris. Ho har dei seinare åra mellom anna skrive bøker om heksejakt i Europa og korleis det var å vera eit uønska barn i Kristiania under hundreårsskiftet.