Marta Norheim – Kvar er kritikken når du treng han?

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Eit føredrag om ny norsk samtidslitteratur og mangelen på litteraturkritikk.

Marta Norheim
Foto: Julia Marie Naglestad
Marta Norheim
Foto: Julia Marie Naglestad
Marta Norheim
Foto: Julia Marie Naglestad

Gratis - inga påmelding

Dato

tysdag, 3. mars

Tid

19:00 - 20:00

Stad

Legg til i kalender

Marta Norheim er ein norsk kulturjournalist og ein profilert litteraturkritikar og formidlar av norsk samtidslitteratur.


Vossingen var tilsett i NRK frå 1987 til 2024; då slutta ho i protest mot at litteraturmeldarane vart pålagde å bruka terningkast. Ho arbeidde med kulturstoff i radio og TV, i program som Kulturoperatørane og Askeladden. Etter kvart konsentrerte ho seg primært om litteraturfeltet i program som Kritikartorget, Boktilsynet, Bok i P2 og P2-lytternes romanpris.

Norheim gav i 2007 ut Røff guide til samtidslitteraturen, i 2017 kom ein slags oppfølgjar: Oppdateringar frå lykkelandet: røff guide til samtidslitteraturen, som granska bøker av forfattarar som debuterte etter 2005.


I 2002 vart Norheim tildelt Kritikarprisen i kategorien Årets kritikar, og i 2009 fekk ho Olav Dalgards kritikarpris. I 2012 fekk ho Språkprisen for essaysamlinga Friksjonar, og i 2014 fekk ho Kringkastingsprisen

Relatert litteratur