Hopp til hovudinnhald

Demokratisk beredskap: Trine Østereng

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Trine Østereng om økonomisk ulikskap som samfunnsproblem.

Bilete av Trine Østereng
Foto: Siw Pessar
Bilete av Trine Østereng
Foto: Siw Pessar
Bilete av Trine Østereng
Foto: Siw Pessar

Gratis - inga påmelding

Dato

tysdag, 21. april

Tid

19:00 - 20:30

Stad

Legg til i kalender

Dei økonomiske forskjellane mellom folk er aukande. Ikkje berre ute i verda, men også i Noreg. Kva gjer det med samfunnet?

Skeiv fordeling av ressursar påverkar oss alle. Privatøkonomien har mellom anna mykje å seie for helse, utdanning og sjansane våre til å få barn og trygge bustadar. Men forskjellane påverkar også tilliten til demokratiet, som tilsynelatande tek skade av ei aukande polarisering.

Trine Østereng er rådgivar i Tankesmia Agenda. Ho er utdanna statsvitar og har tidlegare jobba som rådgiver for ei rekke fagkomitear på Stortinget. “ Farlege forskjellar. Kvifor stor økonomisk ulikskap er eit samfunnsproblem” er den fyrste boka hennar.

Arrangementsserien “Demokratisk beredskap” vert støtta av Fritt Ord.

Relatert litteratur

Kontakt

Elisabeth Frøysland Pedersen

elisabeth.f.pedersen@voss.herad.no