Hopp til hovudinnhald

Demokratisk beredskap: Carline Tromp

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Carline Tromp om framveksten av ytre høgre og anti-demokratiske tendensar.

Bilete av Carline Tromp

Foto: Siv Dolmen

Bilete av Carline Tromp

Foto: Siv Dolmen

Bilete av Carline Tromp

Foto: Siv Dolmen

Gratis - inga påmelding

Dato

tysdag, 14. april

Tid

19:00 - 20:30

Stad

Legg til i kalender

Ytre høgre er i vekst både i Europa og USA. Idear og teoriar som for berre nokre år siden vart rekna som ekstreme, er i dag nærast stuereine blant politiske leiarar og tek-oligarkar. Autoritære tendensar fossar fram i politikken, kulturen og på sosiale medium. Korleis skal me forstå den anti-demokratiske utviklinga dei siste åra - og korleis kan me gjera motstand?

Carline Tromp er journalist, kritikar og forfattar av tre bøker om ytre høgre og internettkultur: “Kulturkrig. Det nye ytre høyre og normaliseringen av ekstreme” (2022), “Tilbakeslaget. Om den reaksjonære bølgen og hvordan Andrew Tate vant Internett” (2023) og “Forført. Den ufiltrerte historie om hvordan influenserne fikk verden til å klikke” (2026). Saman med Jonas Bals lagar ho også podkasten “Til barrikadene” om antifascisme før og no.

Relatert litteratur

Kontakt

Elisabeth Frøysland Pedersen

elisabeth.f.pedersen@voss.herad.no
Demokratisk beredskap: Carline Tromp | 14. apr. 19:00 | Voss bibliotek