Bergen Barneboogie Band
Få med deg kjende og kjære norske barnesongar. Det vert songglede og allsang for både store og små.
Gratis - inga påmelding
På oppdrag frå Festspela 2023 skapte bandet stor begeistring med ei rekkje konsertar på omsorgssenter og sjukeheimar, der barnehageborn vart inviterte til å delta. Møtet mellom dei yngste og dei eldste gav konsertane ein heilt særeigen energi og eit sterkt menneskeleg nærvær.
Born og bebuarar fekk saman oppleva ei levande konsertframsyning der repertoaret danna ei ramme for fellesskap, glede og samhandling på tvers av generasjonane.
Framført av dyktige musikarar og erfarne formidlarar får publikum møte kjende og kjære norske barnesongar. Repertoaret legg til rette for aktiv deltaking, songglede og allsang – for både store og små.
Ein torsdag i månaden inviterer me til kulturtreff i biblioteket i Voss kulturhus for dei eldste og dei yngste i heradet!
Eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken, biblioteket og Voss frivilligsentral.
Musikarar:
Haldis Bårdsen – formidlar, vokalist og trombonist
Ugo Santangelo – gitarist
Ole Marius Sandberg – bassist
Craig Farr – trommer