Aina Basso
Fortalt fortid: Forfattarsamtale med Aina Basso om novellesamlinga Eg rissa desse runene
Gratis - inga påmelding
Aina Basso er historikar og forfattar. Ho skriv historiske romanar der unge kvinner er hovudpersonar, ofte med handling frå 1600-, 1700- og 1800-talet.
Møt ho i samtale med formidlar Theresa Wallevik om novellesamlinga Eg rissa desse runene (Samlaget, 2023).
Basso legg desse novellene lengre attende i tid, nærmare bestemt 1100 -1200 - talet. Runeinnskrifter som vart funne ved utgravingane på Bryggen i Bergen dannar utgangspunkt for dei tretten novellene, der lesaren får innblikk i korleis heilt vanlege personar lever i kvardagen, gjennom skildringar frå heimen eller arbeidet på sjøen. Me får lesa om liv som trass alt ikkje er så heilt ulike dei liva me lever i dag.
Eg rissa desse runene vart nominert til bibliotekets litteraturpris 2025
Fortalt fortid er ein arrangementsserie der biblioteket ynskjer å visa fram breidda i norsk historieframstilling, og korleis historia kan formidlast på nye måtar gjennom ulike sjangrar.
Arrangementsserien er støtta av Fritt Ord.