
Anbefaling
Absurde situasjoner, sjarmerande karakterar og ein god dose humor.
Ein kan ikkje anna enn å bli glad i Jacob Juul, pensjonert prest og spritseljar, som i denne boka får sitt å stri med når han på ein og same ettermiddag vert både bestefar og drapsmann. Mord og moro går hand i hand når dei påfølgjande problema skal løsast eitt etter eitt.
Lene Rauland
Voss bibliotek
Om boka
Det blir mykje på ein gong for Jacob Juul. På få dagar går han frå å vera pensjonert prest og spritseljar som nyt sitt otium, til å bli enkemann og nybakt bestefar for ei 7 år gammal jente. Og om ikkje det var nok, blir han også drapsmann. No har han ein daud torpedo i spritskjulet å kvitta seg med og ein kriminell konspirasjon å redda seg sjølv og vesle Isabella Donnatina frå, men heldigvis har ein livslang karriere i Den norske kyrkja førebudd han på å møta dei fleste omstende med ro og optimisme. For som han seier det sjølv: «Det er utruleg kva ein opplever gjennom meir enn 40 år med besøk i private heimar for å planlegga dåp, bryllaup og gravferd.»
Leseoppleving
Bakgrunnsramme
- Bygdemiljø
Karakterar
- Anti-helt
Tempo
- Godt driv
Tone
- Svart humor
Liknande bøker
Andre bøker frå samlinga vår med liknande leseoppleving. Utvalet er gjort automatisk.
Fallesjuke
Randi Fuglehaug
Giæver og Iunker
Erlend Loe
Den lille bokhandelen på stranden
Jenny Colgan
Forræderen
Jørn Lier Horst