Familiehunden Misty lever eit harmonisk liv. Alt endrar seg då krigen kjem til landet.
Ruben, mor og far må nå toget for å flykta, og i kaoset blir Misty åleine att i den krigsherja byen dei bur i.
Med den gode luktesansen sin tek Misty opp jakta på familien og følgjer spora etter dei.
Dette er ei aktuell og gripande forteljing som viser korleis også dyr lir i krig. På vegen møter Misty både farar og gode hjelparar.
Boka er på nynorsk.
Silje Solstad
Voss bibliotek
Om boka
Firbeint flukt gjennom krigens landskap. Familiehunden Misty og Ruben er bestevener. Men då krigen kjem til landet, må familien til Ruben flykte. Ved ein feil blir Misty sperra inne i bombekjellaren til blokka der dei bur, og då ho kjem seg ut derifrå, har familien allereie flykta av garde. Misty bestemmer seg for å følgje spora etter familien for å finne dei att. På vegen må ho trasse både bombeangrep og ei stor, djup bukt. Ho møter òg fleire hjelparar, mellom anna den vesle jenta Shirin. Misty åleine er ei aktuell og sterk forteljing om flukt, fortald gjennom auga til ein hund. Forteljing for mellomtrinnet.