Eg skal rive deg i filler
Therese Garshol Syversen
Anbefaling
Iben Maria Løvenskiold har framtida klart for seg. Men då søstera hennar døyr på fest, snur alt.
Eg skal rive deg i filler er ein rasande og medrivande ungdomsroman som underheld på overflata, men som djupast sett stiller viktige spørsmål som: Kva viss ho ikkje sa nei? Sa ho ja då?
Silje Solstad
Voss bibliotek
Om boka
Iben Maria Løvenskiold har framtida klart for seg. Etter ho er ferdig med internatskolen i Sveits, skal ho begynne på Handelshøgskulen i Bergen, og deretter skal ho studere på Harvard. Men då søstera hennar, Alexa, døyr etter overdose på fest, snur alt. For på ulike sosiale medier verserer ein fæl video kor Alexas siste timar er dokumentert. Iben kan ikkje gløyme det ho ser på filmen. Saka blir lagt vekk hos politiet, men ikkje i Ibens hovud. For hennar er det ikkje så viktig med paragrafar og piss, dei skuldige skal få som fortent. Iben har ein plan: Ho vil nærme seg den eine guten, og bruke han til å felle dei andre. Men då må ho få han til å falle for ho først. Dette er ei forteljing som underhaldar på overflata, men som djupast sett stiller viktige spørsmål som: Kva viss ho ikkje sa nei? Sa ho ja då? Psykologisk thriller for ungdomstrinnet/unge voksne.