Til leseforslag
Omslag: "Fiskehuset : roman" av Stein Torleif Bjella

Vaksne

Fiskehuset

Bjella, Stein Torleif2021

RomanarFisketurar
Bestill

Anbefaling

Ei fin forteljing med eit vakkert språk.

Boka tek oss til ei lita koie kalla Fiskehuset, der onkel Ivar skal læra Jon det han treng for å ta vare på vatnet, fisken og tradisjonane. Det er ei vakker forteljing om ein sår relasjon mellom dei to. Boka har mange nydelege naturskildringar, og eit vakkert språk med dialog på eit flott hallingmål, spesielt frå gamle onkel Ivar.

Om boka

Ivar Helgesen Aal er 79 år, og kroppen byrjer å svikte. Han er bedriftseigar, meisterspelemann på hardingfele og fiskar i fiskevatnet Storsenn. Nevøen Jon Aslesson Aal er 47 år, jobbar som lærarassistent, syng og speler gitar. Ivar vil at Jon skal ta over fiskevatnet. Dei to reiser på haustfiske saman, og den fire kilometer lange turen frå bilen til Storsennvatnet kjennest som fire mil for Ivar, som dett og slår seg. På fisketuren snakkar dei ut om kva som må til i livet. Omtalen er utarbeidd av BS.

Kontakt

Voss herad
Ansvarleg redaktør: Kirsten E.E. Aga
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content