Illevarslande spenningsroman om skjulte hemmelegheiter, umogleg kjærleik og drap.
"Burde eg ha skjønt det, den gongen? At det var eit eller anna som var litt off med han?
Kanskje.
- Maja
Theresa Wallevik
Voss bibliotek
Om boka
Drøymande forelsking møter skarp verkelegheit. Livet står på pause for sytten år gamle Maja. Ho har mista faren og orkar ikkje anna enn å flykte inn i fantasien, langt vekk frå den strenge politimora og hockeymiljøet ho er omringa av. Da Adam begynner i klassa, blir Maja med éin gong fengsla. Trass i alle åtvaringar lar ho seg rive med. Det heile verkar som ein draum ... Spol fram i tid, og den gode draumen har utvikla seg til eit mareritt. Ein ung mann er drepen, og Maja må fortelje heile historia til politiet. Adam skjulte hemmelegheiter, han var ikkje til å stole på. Men det er kanskje ikkje Maja heller? Spenningsroman for ungdomstrinnet.