Bokbussen går til skular og barnehagar utanfor sentrum

Bokbussen er eit samarbeid mellom skular, barnehagar og biblioteket i Voss kommune. Dette er eit rullande bibliotek der tilsette og barn i skular og barnehagar kan låna bøker.

Bokbussen

Bokbussrute 2018-2019

Skjema til lånekort på Bokbussen og Voss bibliotek

Bokbussen er eit rullande bibliotek, som vitjar skular og barnehagar i Voss kommune. Unnateke dette tilbodet er dei sentrumsnære skulane og barnehagane, som har høve til å gå til biblioteket.

Bokbussen vitjar normalt dei einskilde skulane og barnehagane kvar tredje veke. Datoar og klokkeslett finn du i bokbussruta, som du finn lenke til øvst på denne sida.

Barnehagane får lånekort til dei ulike avdelingane i barnehagen, medan lærarane i skulen får eigne lånekort som er knytt opp mot dei sjølve og skulen. Elevane får normalt lånekort frå 2. klasse.

Bilete av Nils Bjarne, sjåfør på bokbussen

Nils Bjarne

For å få lånekort må ein fylla ut innmeldingsblankett, som ein leverer på bokbussen eller biblioteket. Link til innmeldingsblankett finn du øvst på denne sida.

Lånetid for bøker lånt på bussen, er normalt to «stopp» fram, det vil seia seks veker.

Om de ynskjer at me skal ta med spesifikk litteratur eller bokkasse frå biblioteket, må de senda ein førespurnad i god tid til voss@voss.folkebibl.no, eller ring oss på tlf. 56 51 94 90.

Bokbusstenesta er ei utviding av skulebiblioteket, og er eit godt og svært viktig tilbod for born og ungdomar i Voss kommune. Voss er ein av fem kommunar i Hordaland som har denne tenesta.

Nils Bjarne Stabæk er bokbussbibliotekar.
Han er å treffa på   tlf. 952 62 019.