Bokbussen

Bokbussen er eit samarbeid mellom skular, barnehagar og biblioteket i Voss herad. Dette er eit rullande bibliotek, der dei tilsette og barna i skulane og barnehagane kan låna barne- og ungdomsbøker.

Bokbussrute skuleåret 2020-2021

Lånekort på Bokbussen og Voss bibliotek

Bokbussen er eit rullande bibliotek, som vitjar skular og barnehagar i Voss herad. Unnateke dette tilbodet er dei sentrumsnære skulane og barnehagane, som har gangavstand til biblioteket.

Bokbussen vitjar normalt dei einskilde skulane og barnehagane kvar tredje veke. Datoar og klokkeslett finn ein i bokbussruta.

Barnehagane får lånekort til dei ulike avdelingane i barnehagen, medan lærarane i skulen får eigne lånekort, som er knytt opp mot dei sjølve og skulen. Elevane får normalt lånekort frå 2. trinn.

For å få lånekort må ein fylla ut innmeldingsblankett, som ein leverer på bokbussen eller biblioteket. Link til innmeldingsblankett finn du øvst på denne sida.

Lånetid for bøker lånt på bussen, er normalt to «stopp» fram, det vil seia seks veker.

Om de ynskjer at me skal ta med spesifikk litteratur eller bokkasse frå biblioteket, må de senda ein førespurnad i god tid til voss@voss.folkebibl.no, eller ring oss på tlf. 56 51 94 90.

Bokbusstenesta er ei utviding av skulebiblioteket, og er eit godt og viktig tilbod for born og ungdomar i Voss herad. Voss er ein av fem kommunar i Hordaland som har denne tenesta.

Nils Bjarne Stabæk er bokbussbibliotekar. Han er å treffa på tlf. 952 62 019 eller 477 54 055.