Om Voss bibliotek

Voss bibliotek
Evangervegen 6
5704 Voss
Tlf 56 51 94 90
www.vossbibliotek.no
voss@voss.folkebibl.no

Voss bibliotek

Hovudbiblioteket finn du i Voss kulturhus, like ved Voss stasjon. Granvin filial finn du i Kulturbanken i Granvin.

På biblioteket kan du låna bøker, film og tidsskrift. Me har også eit rikt utval av aviser. I andre etasje har biblioteket lesesal og grupperom.

Folkebiblioteka si oppgåve er å fremja opplysing, utdanning og anna kulturell verksemd, gjennom aktiv formidling og ved å stilla bøker og andre medium gratis til disposisjon for alle som bur i landet. Folkebiblioteka skal vera ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt.

 

 

Biblioteket har mange arrangement for ulike aldersgrupper og ulike interesser. For å få til gode arrangement samarbeidar me ofte med frivillige lag.

Dei faste samarbeidspartnarane våre er: Lesehug, Ole Bull Akademiet, Voss Ættesogelag, Voss Lyrikklag, Voss mållag, Voss folkeakademi, Voss vaksenopplæring, Voss kino og Voss kulturhus.

 

 

 

Bilete av barnearrangement med Marianne Stenerud

Marianne Stenerud og det oransje eventyregget

Biblioteket ynskjer å inspirera born og unge til leseglede.

So ofte me kan,  inviterer me skulane på forfattarbesøk og aldersrelevante føredrag. Innimellom byr me på teaterframsyninger eller musikalske opplevingar for alle.

Dei aller mest populære arrangementa våre er songstundene for born, på utvalde laurdagar kl. 11.

 

 

Bokbussen

Bokbussen går til skular og barnehagar utanfor sentrum. Elevane kan låna bøker med seg heim eller ha dei i klasserommet.

Biulete av Nils Bjarne

Nils Bjarne, bokbussbibliotekar