Nasjonalt biblioteksøk

Biblioteksøk er ein søkjeteneste frå Nasjonalbiblioteket. Her kan du søkja i (nesten) alle norske bibliotekkatalogar på ein gong.

Biblioteksøk

Biblioteksøk er eit nasjonalt søk som gjer det mogleg å søke i mange norske bibliotek på ein gongDette er eit nasjonalt søk som gjev deg høve til å låna litteratur frå andre norske bibliotek. Her kan du finna bøker, men også nokre lydbøker, filmar og musikk. Om du har nasjonalt lånekort knytt til Voss bibliotek, kan du tinga bøker i biblioteksøk, og henta dei hos oss.

  1. Logg inn i Biblioteksøk med nasjonalt lånekort og pinkode
  2. Søk
  3. Bestill og vel hentebibliotek

 

Nasjonalt biblioteksøk bidreg til å jamne ut skilnader mellom norske bibliotek, og gjev alle same tilgang til litteratur, uavhengig av storleiken på biblioteket i kommunen du bur i. Det nasjonale søket er sett opp slik at det byrjar leitinga nær hentebiblioteket, og fortsetter å søke heilt til alle biblioteka er sjekka.