Mine lån

I Mine lån kan du sjå lån, bestilla materiale frå samlinga vår og fornya lån ved Voss bibliotek. Dette er det som før heitte Mappa mi.

Du kan logga inn i Mine lån med lånenummeret ditt (sjå lånekortet) og passord. Dei tre fyrste gongene kan du nytta fødselsdatoen som passord (PIN-kode). Du kan også få passord ved å senda ein epost til voss@voss.folkebibl.no

Logg inn med lånekort på Mine lån

Lånt og bestilt

Under Lånt og bestilt kan du sjå låna og bestillingane dine, fornya lån og bestilla bøker og andre medium frå samlinga vår.

Dersom Voss bibliotek har lånt inn bøker til deg frå andre bibliotek (fjernlån), må du framleis kontakta biblioteket. Me fornyar då hjå eigarbiblioteket.

I katalogen vår kan du søke opp bøker og andre medium, og sjå om det står i hylla på biblioteket. Du kan reservere bøker ved å trykkja  “Bestill-knappen”. Dersom boka  ikkje er inne, kjem du på venteliste. Dersom boka er inne set me denne på reserveringshylla og du får melding om at boka kan hentast.  Det er ei vekes hentefrist. Når utlånte bøker eller medium kjem inn, får du melding om dette. Under Lånt og bestilt kan du sjå kva plass du står på i ventelista.

Du kan lagra søk som interesseområde og få epost frå biblioteket når vi får inn nye bøker innan dine emne. Dersom du ikkje finn boka du leitar etter, kan du klikke på “Foreslå innkjøp”.

Min side

Min profil ligg under Min side. Her kan du sjå kva data biblioteket har om deg, og du kan eventuelt endra adresse, telefonnummer og epostadressa.

Ynskjer du å sjå kva du har lånt før, må du Slå på automatisk lagring/historikk. Du finn dette på Min side – Innstillingar.