Lånekort

Det er gratis å bruka biblioteket og låna bøker, tidsskrift, filmar og andre medium. Dersom du vil låna med deg noko heim, eller nytta nokre av tenestene våre, må du ha lånekort.

På biblioteket kan du låna sjølv på utlånsautomaten ved skranken om du har med lånekort.

Kan eg få lånekort på Voss bibliotek?Bilete av lånekort , bruk det til Filmbib

Alle som bur i Noreg kan få lånekort hos oss. For å få lånekort må du visa legitimasjon med personnummer og bilete, og fylla ut eit skjema. Gyldig legitimasjon kan vera pass, bankkort eller førarkort.

Born kan få eigne lånekort frå 1. klasse. Dersom de er under 15 år, må du ha underskrift av foreldre eller føresette.

Kostar det noko?

Det kostar ikkje noko å få lånekort.

Det er gratis å låne og bruke biblioteket, men du må betale for utskrifter og kopiering.

Ulike typar

Vi har både lokale og nasjonale kort.

Lokalt lånekort gjeld ved ditt lokale bibliotek.

Nasjonalt lånekort gjeld i heile landet. For å få nasjonalt kort må du samtykke til at biblioteket registrerer det fulle personnummeret ditt. Med det nasjonale kortet får du også tilgang til Filmbib og kan sjå film på nett.

Ansvar

Du er ansvarleg for alt som er lånt på kortet ditt.

Bibliotekepersonalet har teieplikt og vernar om låneopplysningar. Dette gjeld både opplysningar om deg som person, og om kva du låner.