Bibliofil-appen

Bibliofil-appen gjer det enkelt å finna fram til biblioteket sine tenester. Her kan du søkja etter lesestoff, reservera materiale og sjølv fornya det du har lånt. Lånekortet ditt finn du og her òg gratis-avistenesta PressReader.

 

Appen kan lastast ned frå App Store eller Google Play. (På nettbrett og mobiltelefonar med Android og iOS). Start opp appen, vel bibliotek (Voss bibliotek) og logg inn med lånarnummer (frå lånekortet) og pinkode frå biblioteket. Klikk på «Meny», som du finn nederst på skjermen. Her får du tilgang til å søkja i basen vår, du finn lånekortet ditt og gratis-avistenesta PressReader med meir. Når du brukar lånekortet på appen, slepp du å ha med anna kort på biblioteket.

Vi ser at fleire og fleire tek i bruk Bibliofil-appen og ser fordelane med å bruka han. Om du ikkje har pinkode, kan du kontakte biblioteket på tlf 56519490 eller epost: voss@voss.folkebibliotek.no