Mine sider

Du kan fornya lån, søkja i basen vår og reservera materiale på nett. Du kan tinga bøker frå andre bibliotek med eit nasjonalt søk, og henta hos oss i bemanna opningstid.

Nærare omtale av ulike tenester finn du ved å følgja lenkene til venstre på denne sida.

Sjå også dei digitale tenestene våre.

Lånetid

Du kan låna bøker, lydbøker og dataspel i fire veker. For DVD-filmar og tidsskrift er lånetida ei veke. Lånetida for språkkurs er fire eller åtte veker. Lånet kan du fornya om ingen andre ventar på materialet. Du kan kontakta oss, eller fornya sjølv ved å bruka lånekortet på automaten eller logga inn på Mine lån

Dersom du har bøker/medium ut over lånetida, sender biblioteket påminning. Frå 1.1.2020 kostar dette kr 30.- pr. purring for vaksne. Det er ikkje purregebyr for born. Etter 2. purring blir det sendt rekning og bøker/medium må erstattast.

Om du har mista lånekortet, kostar nytt kort kr 20.- Lånarar som ikkje rettar seg etter reglane, kan mista retten til å låna.

Lånereglar Voss bibliotek frå 1.1.2020

Innlevering når biblioteket er stengt

Du kan levera tilbake bøker og andre ting du har lånt i svart kasse ved inngangen til biblioteket når kulturhuset er ope, men biblioteket stengt.

logo eg elskar bibliotek