Meirope bibliotek i Granvin

Biblioteket har eit utvida tilbod for deg som treng fleksibilitet i kvardagen. Granvin bibliotek er eit meirope bibliotek.

Foto: Ingerid Jordal

Kva er eit meirope bibliotek?

Kulturbanken er eit fleirbrukshus og samlingsstad med tilgang på meirope bibliotektenester for deg som ynskjer å bruke biblioteket andre tider på døgeret. Bur du fast i Granvin kommune og er over 15 år,  får du tilgang på biblioteket utanom betjent opningstid. Då må du vere registrert brukar med nasjonalt lånekort og PIN-kode. Du må i tillegg signere kontrakt. Kontrakt, lånekort og PIN-kode får du på biblioteket. Du får tilgang til å låne av boksamlinga på låneautomat, i tillegg til digitale og historiske aviser på nett, boksøk, WI-FI, gjeste-PC, tidsskrift til bruk i biblioteket, studieplass, sofakrok med meir.

Tillit og ansvar

Bruken av det meiropne biblioteket byggjer på eit gjensidig tillitsforhold mellom brukar og bibliotek. Brukar har eit særskilt ansvar for å følgje retningslinene i kontrakten. Biblioteket er felles eigedom som skal vere til glede for alle. PIN-kode og kort er personleg,  og skal ikkje lånast ut til andre. Det er installert fotokamera i biblioteket for å trygge brukarane, og for å verne om biblioteket sitt inventar og utstyr. Opphald skjer på eige ansvar, pass godt på biblioteket. Brukarar mellom 15 og 18 år må ha signatur frå føresette.

Adgangskontroll og låneautomat

Tilgang skjer via adgangkontroll ved hovudinngang. Du nyttar lånekort med PIN-kode, og døra opnar seg automatisk. På låneautomaten kan du levere, låne, sjekke status og fornye bøker. Du skal sjølv syta for å halde oversikt over låna dine, og levere til rett tid. Vanlege lånereglar gjeld.  NB! Tinging av bøker/reserveringar og innlevering av fjernlån skal alltid skje innanfor betjent opningstid.

Alle lånarar må ta hensyn dersom det er ope eller lukka arrangement på biblioteket under meirope. Alle som nyttar seg av tilbodet skal signera kontrakt, uavhengig av føremål for besøket.

Tilskiping av arrangement/tinging av lokale til lukka føremål må alltid avtalast på førehand.  

Folder.meirope

Kontrakt meirope

Tider meirope:

Måndag 17-21
Tysdag 08-21
Onsdag 08-21
Torsdag 17-21
Fredag 08-21
Laurdag 08-21
Sundag 08-21