Granvin bibliotek

Granvin bibliotek er eit rom for leselyst, kulturelle opplevingar og ein sosial møtestad. I april 2016 flytta biblioteket inn i nye lokalar i gamle bankbygget i Granvin sentrum døypt om til Kulturbanken. Bygget har i tillegg til bibliotek ei eiga Kulturstove, eit møterom og andre fasilitetar. Granvin bibliotek er eit meirope bibliotek.

Om biblioteket

Foto: Ingerid Jordal

På biblioteket i Kulturbanken kan du låna frå ei spanande og aktuell boksamling. Vi i tilbyr lydbøker, tidsskrift, DVD og aviser for alle aldrar. Dersom vi ikkje har materialet du ynskjer deg, tingar vi dette. I Kulturstova har vi salongbord, tidsskrift/nyheitsavdeling og eit sceneområde. Vi har eigne biblioteksoner for born, vaksne og ungdom. Vi låner ut møte- og studierom med prosjektor/musikkanlegg, samt ei lokalsamling til bruk i biblioteket.

Vi har sjølvbetjent kjøken med kaffitraktar. I biblioteket er det to stasjonære PC’ ar med digitale aviser. Det er WI-FI i biblioteket.

Finn du ikkje boka du leitar etter? Då kan e-bøker vere noko for deg. Du kan lesa om BookBites under menyen digitale tenester. Kulturstova og møterommet kan tingast hjå oss til alle føremål, til dømes møter, treff og arrangement. Vi har oppbevaringsskap til disposisjon for lag og organisasjonar. Sjå meny til venstre.

Meirope

Biblioteket i Kulturbanken er eit meirope bibliotek. Dersom du har bustadsadresse i Voss kommune kan du nytte biblioteket utanom opningstid, ved bruk av lånekort og pin-kode. Aldersgrensa er 15 år.  Kom innom biblioteket for å registrere deg.

Aktivt bibliotek

Granvin folkebibliotek er eit aktivt bibliotek. I Kulturstova skipar vi til arrangement som forfattartreff, teaterframsyningar, konsertar og filmvisingar. Vi har og lesestundar, klassebesøk og leseaksjonar i biblioteket. Det er mogleg å leige rommet til slike føremål.

 

Foto: Ingerid Jordal

Besøksadresse:

Granvin folkebibliotek
Kulturbanken
Hardangervegen 2562
5736 Granvin

tlf: +47 91336524
epost: theresa.wallevik@granvin.kommune.no

Følg oss på Facebook
www.granvinbibliotek.no

 

Foto: Ingerid Jordal