Om Granvin filial i Kulturbanken
Velkomen til Granvin filial i Kulturbanken, eit trivelig rom for leselyst, kulturelle opplevingar og ein sosial møtestad.
Besøksadresse:
Granvin filial
Kulturbanken
Hardangervegen 2562
5736 Granvin
tlf: +47 91336524
epost: theresa.wallevik@voss.kommune.no
Om biblioteket
På biblioteket i Kulturbanken kan du låna frå ei spanande og aktuell boksamling. Vi tilbyr lydbøker, tidsskrift, DVD og aviser. I Kulturstova har vi salongbord, nyheitsavdeling og eit sceneområde. Vi har eigne biblioteksoner for born, vaksne og ungdom. I biblioteket er det to stasjonære PC-ar med digitale aviser. Det er WI-FI i biblioteket.Kulturstova og møterom kan tingast, sjå meny til venstre.
Meirope
Granvin filial er eit meirope bibliotek. Dersom du har bustadsadresse i Voss herad kan du besøke biblioteket utanom opningstid, ved bruk av lånekort og pin-kode. Aldersgrensa er 15 år. Sjå meir info til venstre i menyen.
Aktivt bibliotek
Granvin filial er eit aktivt bibliotek. I Kulturstova skipar vi til arrangement som forfattartreff, teaterframsyningar, konsertar og filmvisingar. Vi har og lesestundar, klassebesøk og leseaksjonar i biblioteket. Det er mogleg å leige rommet til slike føremål. For meir info, sjå under menyen til Voss bibliotek.
Sjå lenkje til program for born og unge her: Program for born og unge

Foto: Ingerid Jordal