Lokalhistorie

Lokalhistorie er populært og mange driv med slektsgransking. På denne sida har vi samla nokre interessante lenkjer for deg som ynskjer å finne meir ut om slekta eller kommunen din.

Frå Vossevangen med Fleischer’s hotell, ca år 1900.
Foto: Olaf Andreas Svanøe Kjelde: Universitetsmuseet i Bergen

Nyttige ressursar

Søk etter bilete og lokalhistorisk materiale i bibliotek og museum:

Søket gjev treff  frå Universitetsmusea sine samlingar, kulturminnebilete frå Riksantikvaren og lokale biletsamlingar frå bibliotek i Hordaland.


Biblioteksamlinga

Biblioteket har også lokalhistorisk materiale i den fysiske samlinga si. Snakk med dei bibliotektilsette om du vil sjå nærare på dette.