Helsebiblioteket

Helsebiblioteket.no gjev samla tilgang til ei rekke ressursar som gjev helsepersonell og innbyggjarar kvailtetssikra og oppdatert helseinformasjon.

 

For helsepersonell

Her finn du fagprosedyrer, oppslagsverk, databaser, tidsskrift og andre kunnskapsressursar for helsepersonell. Mykje av dette er betalingsressursar helsebiblioteket.no har kjøpt tilgong til. Om du vil vite meir om kva for ressursar det gjeld, og korleis du kan få tilgong til dei ressursane som ikkje er opne for alle, sjå http://www.helsebiblioteket.no/om-oss/oversikt

For pasientar og pårørande

Dei fleste av oss vil ein eller annan gong i livet vere pasient eller pårørande. I helsebiblioteket.no finn du oppdatert informasjon om mange ulike lidingar, berekna på denne målgruppa.

Omsorgsbiblioteket

Omsorgsbiblioteket er ein del av helsebiblioteket.no Tenesta samlar og oppsummerer forsking og utviklingsarbeid for kommunale helse- og omsorgstenester. Biblioteket er under utvikling, og nye emne og delemne vert jamnleg lagt til.