E-bøker – BookBites

Biblioteka i Hordaland låner ut e-bøker via utlånsløysinga BookBites. Systemet består av ein app som du kan lasta ned til mobiltelefonen eller nettbrettet ditt. Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.

Det er godt å lese i BookBites-appen. Du kan tilpasse og markere teksten, skrive notat og slå opp ord. Du kan endre bakgrunnsfarge på sidene, og boka vert opna på den sida ein avsluttar lesinga. Appen har automatisk innlevering av boka ved forfall, men du kan levere inn boka før forfallsdato. Du må laste ned bøkene medan du er på nett, men kan lese dei utan nettilgang (offline).

Om ulike funksjonar i BookBites på Biblioteksentralen sin nettstad

Du vil finne utstillingar av bøker i BookBites. Til dømes kan det vere «bokhyller» med Sommarles-tips, nominerte bøker til litterære prisar eller anbefalingar frå dei tilsette på biblioteket.

Korleis gjer eg det?

Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les

Treng du hjelp?

Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites

Dersom noko går gale, kan du kontakte det lokale biblioteket ditt for å få hjelp.