Vinterles-Bingo for vaksne

Vinterles-Bingo for vaksne

Arrangement

Biblioteka på Voss og i Granvin inviterer til Vinterles-Bingo: Les bøker som høver inn i eit Bingoskjema på 5x5 ruter og skriv tittelen på boka/romanen i den aktuelle ruta.
Same bok/tittel kan berre nyttast ein gong. Kvar vassrett eller loddrett rekke gir eit lodd i trekkinga. Fullt brett gir 10 lodd. Konkurranseskjema kan du henta på biblioteket.
Levér skjema på biblioteket innan 6. april 2019. Trekking av premiar i veka før påske.

Dato / tid
13.11.2018 kl 00:00 - 06.04.2019 kl 14:00


Vinterles-Bingo

Du har heile vinteren på deg til å lese så mange bøker du ynskjer av dei 25 utfordringane. Det finns ikkje berre eit fasitsvar på denne bingoen. Men me kjem til å sjekke at dei aktuelle titlane som er notert ned, høver i den aktuelle ruta. Ei gul bok må vera ei bok der hovudfargen på omslaget er gult. Lokale forfattarar det mange av, og dei kan koma frå Voss eller Granvin. Ei krimbok med handling frå Vestlandet? Her er mange aktuelle. Biografiar står på eiga hylle i Voss bibliotek. Ei lokal diktbok, må vera av ein diktar frå Voss eller Granvin. Står du heilt fast, kan me hjelpe til med leseframlegg.

Levér skjema på biblioteket innan 6. april 2019. Trekking i veka før påske.
1. premie: Kinobillett, pledd, bokmerke, krus og te
2. premie: Kinobillett, boknett og påskesnop
3. premie: Kinobillett og magnetbokmerke