Verdidebatt i Voss kulturhus

Arrangement

Kristent Kontaktforum arrangerer, i samarbeid med Voss bibliotek, ein verdidebatt med samfunnsbyggjande fokus. Alle partia som har valliste i kommunevalet for Voss herad er invitert. Debatten blir leia av Nils Kvamsdal. Alle velkomne!

Dato / tid
20.08.2019, 19:00 - 20:30


 

Kristent Kontaktforum arrangerer, i samarbeid med Voss bibliotek, ein verdidebatt med samfunnsbyggjande fokus. Alle partia som har valliste i kommunevalet for Voss herad er invitert til å delta, tysdag 20.august kl. 19.00 – 20.30.

Kristent Kontaktforum er eit lokalt nettverk av leiarar av ulike kyrkjer og organisasjonar her på Voss; Den Norske kyrkja, KFUK-KFUM Voss, Salt Voss, Voss Indremisjon, Frelsesarmeen Voss og Misjonskyrkja Voss.

Debatten vil ha eit samfunnsbyggjande fokus, med aktuelle temaer som blant anna; oppvekst, helse og omsorg, klima og miljø, og frivilligheit

Vi lovar ein spanande debatt på biblioteket i Voss Kulturhus, leia av Nils Kvamsdal frå Avisa Hordaland.

Arrangementet vil starte med ein introduksjon av nokon frå Kristent Kontaktforum, om samfunnsansvar og verdiar. Etter introduksjonen vil Nils Kvamsdal leie debatten mellom partikandidatane. Det blir og mogeleg å stille spørsmål fra salen (via sms) til partikandidatane.