Språkkafé med elevar frå norskopplæringa

Arrangement

Biblioteket og vaksenopplæringa samarbeider om å arrangere språkkafè for elevar som skal læra norsk

Dato / tid
26.10.2018, 11:00 - 12:00


Språkkafé i biblioteket

Alle er velkomne til sprråkkafé i biblioteket. Me inviterer ein klasse frå vaksenopplæringa som treng norske samtalepartnarar. Du treng ikkje nokon særlege kvalifikasjonar for å delta på dette. Me severer kaffi og te. Dersom du er usikker på kva de skal snakka om, har me ulike spel som hjelpemiddel. Det viser seg at både elevar og hjelparar har stort utbyte av å delta på språkkafeane.

Bilete av folk i biblioteket

Språkkafé i biblioteket

Her kan du lesa meir om tilboda som Voss vaksenopplæring har.