Sommarlesfest

Arrangement

Sommarlesfest med Adele og Oldefars Ulveskinnspels.

Dato / tid
10.09.2019, 17:00 - 18:00


Sommarlesfest på biblioteket

Sommarles på Voss har sett ny rekord, til no i år er det 365 born med. Me vil invitere heile gjengen med på fest den 10.september.

Det blir utdeling av ekstrapremiar for dei som har vore med på Sommarles, men me får også besøk av Adele Lærum Duus. De kjenner ho kanskje frå bokbussen og frå teater ho har hatt her på kulturhuset. Denne gongen vil ho fortelja den spennande historia om korleis det var å vera doktor på Voss i gamle dagar.

Bilete av bokomslag

Oldefars Ulveskinnspels

Adele er oppvaksen i Bergen, men har vore mykje på Voss opp gjennom åra. I boka «Oldefars ulveskinnspels» fortel ho dei spanande historiene om oldefars ulveskinnspels og om arbeidet som doktor på Voss i gamle dagar.

Me får høyra om reiskapane og medisinane som var i den store doktorveska, om kva sjukdomar pasientane hadde og kva arbeid doktoren hadde.

Mange ting var annleis enn i dag, ikkje mist vegane på Voss. Det var strevsamt å reisa på besøk til pasientane. Doktoren brukte hest i mange år, men han kjøpt seg også bilar. Han hadde ein bil med tre hjul, ein Phaenomobil og seinare ein T- Ford.