Små hagar – store draumar

Arrangement

Den danske hageentusiasten Claus Dalby kjem til Voss bibliotek og fortel om korleis ein kan laga hyggelege, grøne oasar på små flatar. Han vil visa eksempel på gode løysingar for rekkehushagar, byhagar, parsellhushagar og kolonihagar.
Kom og få gode råd og tips - og inspirasjon.
Arrangementet er i samarbeid med Voss hagelag.
Konferansesalen, inngang kr. 100,-

Dato / tid
19.03.2020, 19:00 - 20:30