Nynorsk litteraturhistorie ved Jan Inge Sørbø

Arrangement

Den tradisjonelle bokkvelden er det i år Voss Mållag som står for. Dei har invitert Jan Inge Sørbø, forfattaren av Nynorsk litteraturhistorie.
Inngang kr. 100,-

Dato / tid
15.11.2018, 19:00 - 21:00


Nynorsk litteraturhistorie

Blite av bokomslag
Tidlegare i år kom boka Nynorsk litteraturhistorie, eit storverk på 650 sider. Boka kom ut til 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget, og er skriven av Jan Inge Sørbø. Han viser korleis nynorske forfattarar både har forma og opponert mot dei litterære normene i tida dei levde i.

Nynorsk litteraturhistorie er det fyrste samla oversynet over den nynorske skjønnlitteraturen. Meir enn 150 forfattarskapar vert presenterte, frå Ivar Aasen til Gunnhild Øyehaug. Mellom desse er fleire lokale forfattarar, mellom anna Sjur Bygd, som får svært rosande omtale.

Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at røyster og røynsler frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det har blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.

Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda, og har tidlegare skrive ei rekkje bøker, mellom anna biografiar om Olav Aukrust, Arne Garborg og Hans Skjervheim.

Etter foredraget vert det kaffi og kaker. Voss Bokhandel sel både denne boka og andre bøker.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Voss bibliotek, Voss lyrikklag og Voss mållag.