Musikkens kraft

Arrangement

Føredrag med Audun Myskja og musikalske innslag av Ruth Wilhelmine Meyer

Dato / tid
21.01.2020, 19:00 - 20:30



Audun Myskja er lege, forskar, musikkterapeut, musikar og ein svært ettertrakta føredragshaldar. Han leier Senter for livshjelp, og har rettleia ei rekke prosjekt for kvalitetsbetring i helsevesenet i inn- og utland. Sommaren 2019 ga han ut CD-en «Lazarus, rise!», 14 songar med tema: det som ligg dødt i oss, men kan få liv att. I føredraga sine inspirerer han ved å nytta konkrete eksempel og forklara musikken sin verknad på hjernen og på menneske med til dømes demens. Tidsskriftet Mat og helse skriv: «Har du vært på foredrag med Audun Myskja, glemmer du det aldri.»

 

 

 

 

Ruth Wilhelmine Meyer er frilans songar med eit uvanleg stort vokalt spenn, både når det gjeld register, stemmeklang og uttrykk. Inspirasjon finn ho i så ulike songtradisjonar som opera, inuittsong, norsk kveding og armensk kyrkjesong, og ho har utvikla eit songuttrykk som er utan ord, men likevel forteljande. Ho har vore involvert i mange prosjekt, mellom anna over fleire år saman med kvedaren Agnes Buen Garnås, og held jamleg kurs t.d. på Ole Bull Akademiet.

Arrangør: Ole Bull Akademiet i samarbeid med Voss bibliotek

Foto: Knut Utler