Morsmålsdagen 2020

Arrangement

Morsmålsdagen vert feira i samarbeid med Voss Vaksenopplæring og Voss Røde Kors

Dato / tid
26.02.2020, 10:30 - 12:30


Teikning av folk i ulike drakter og med ulik hudfarge

Det er etter kvart tradisjon for oss å feira morsmålsdagen i samarbeid med vaksenopplæringa og Røde Kors. I år får me også konsert med studentar frå Ole Bull Akademiet.

 

Den internasjonale morsmålsdagen er 21.februar, men på grunn av vinterferien feirar me litt seinare.

Elevane vil ha program i Atriet der dei framfører dikt, song og eventyr på fleire språk.

Det blir konsert i biblioteket og internasjonal kafe i vestibylen.