Bokkveld på Voss bibliotek torsdag 6. desember

Arrangement

Sal av dei lokale årbøkene og andre nyare, lokale bøker. Presentasjon av boka "Våre skiskyttere" ved Viktor Storsveen.

Dato / tid
06.12.2018, 17:30 - 21:30


Frå kl. 17.30 blir det sal av lokale bøker, slik som Vossaboka 1, Gamalt frå Voss, Vossabygdene (nyopptrykk), Gamalt frå Stronde, Vossestrand: folk og landskap, Frå fjell til fjord, Da gaor i pylso, Bjørn Rongen trilogien og Reimegrend band 3.

Kl. 19.30 presenterer Viktor Storsveen boka «Våre skiskyttere». Dette blir ein slags mimrekveld, då mange lokale skyttarar og skiskyttarar er omtala i boka. Fleire av desse vil vera til stades denne kvelden. Etter presentasjonen blir det signering og boksal. Gratis tilgjenge.