Kosthald og psykisk helse med Ragnhild Lekven Fimreite
Foredraget handlar om at hjernen, til liks med resten av kroppen treng rett energi for å fungere godt. Ho snakkar også om samanhengen mellom god psykisk helse og rett kosthald.
Kr. 55,-
Førehandssal av billettar.
Dato / tid
20.09.2018, 19:00
Kosthald og psykisk helse
Eit foredrag om korleis ein kan få til enkle, gode og oppbygjande kosttiltak i kvardagen. Korleis matvanane påverkar oss på godt og vondt, og tips på det viktigste grunnlaget for gode kostvaner. Et time der dei fleste kan ha noko å henta.
Ragnhild Lekven Fimreite er klinisk ernæringsfysiolog, med hovedfag (cand.scient) i ernæring frå Universitetet i Oslo, 1999. Ho har lang klinisk erfaring frå sjukehus, pasientrettleiing og undervisning. I tillegg har ho brei erfaring frå kurs- og foredrag innan helsefremjande livsstil.
Med den ernæringsfaglege bakgrunnen sin og ei genuin interesse for god mat, godt liv og god helse, har ho ved fleire høve delteke i ulike mattestar og i produktutvikling. I tilleg bidreg ho som skribent og ekspert for magasin, bøker og media. Les meir på nettsida hennar.
I samarbeid med Hordaland fylkesbibliotek og Mental Helse. Førehandssal av billettar på vosskulturhus.no