Korleis påverkar maten me et tarmhelsa vår?

Arrangement

Korleis påverkar maten vi et tarmhelsa vår? Kva er grunnen(e) til at stadig fleire reagerer på mjølk og gluten? Dette er spennande tema som Eva Fjeldstad vil ta føre seg. Fjeldstad er ein kjend kurs- og foredragshalder innen mat og helse. Ho har gjeve ut bøkene "Takk for maten?" og " Takk for maten!"

Inngang kr. 55,- Billettar på vosskulturhus.no eller i kinokiosken.

Dato / tid
21.03.2019, 19:00 - 21:00


Tarmhelse, foredag med Eva Fjeldstad

Bilete av Eva Fjeldstad

Eli Fjeldstad

Det er mange årsaker til dårleg tarmhelse. «Alle» har hørt at tarmbakteriene er viktige. Men ikkje alle veit korleis dei vert påverka av maten me et. Maten inneheld dessverre stoff som er tilsette for å drepa bakteriar. Korleis verkar det inn på helsa vår? Myndigheteine seier at maten er trygg. Eva Fjeldstad, som har skrive to bøker om tarmhelse, er av ei anna oppfatning. Kom og høyr kva Eva Fjeldstad meiner om korleis maten påverker tarmhelsa og dermed den generelle helsa vår. Korleis har mikrobiomet i kvar einskild av oss utvikla seg til det det er i dag? Korleis kan me påverka det i positiv retning med enkle midlar? Kvaa er grunnen(e) til at stadig flere reagerer på mjølk og gluten? Dette er også eit spennande tema som Eva vil ta føre seg.

Eva er utdanna sosionom med leiarstillingar i kriminalomsorg i over 20 år før ho begynte å studere medisin og utdanna seg til homeopat. Etter tre år som generalsekretær i Norske Homeopaters Landsforbund starta ho sin eigen praksis. Eva har undervist terapeuter i matvareallergi og føreles no i Biopatutdanningen ved Tunsberg Medisinske Skole.

Billettar på Vosskulturhus.no