Kolonihistorie med Fartein Horgar

Arrangement

Fartein Horgar vil presentere den nye romanen sin, Benjamins reise.
Arrangementet er gratis.

Dato / tid
26.11.2019, 19:00 - 20:30


Benjamins reise

Bilete av bokomslag

Bok 4

Romanen er den fjerde i romanserien om den danske kolonimakta. Benjamins reise skildrar dei ti siste åra fram mot opphøyret av slaveriet, i 1848.
Dei nye idéane om menneskeverd uavhengig av hudfarge, og fridomskampane som herja koloniane, er blant temaa for fjerde bind i Vestindiakvartetten. Dette er ein romanserie som spenner over 245 års terrorveldei dansk Vestindia, med Noreg i ei nøkkelrolle.

Andre bøker i serien

Paradisets elendige skildrer pionertida (1672-1700) på St. Thomas, og prøver å visa det kulturelle klimaet som gjorde slaveri mogeleg. Handling og tid er sett gjennom ein norsk gut sine auge. Bortsett frå han er dei fleste av personane og hendingane i romanen autentiske.
I slaktemåneden handalr om det dramatiske slaveopprøret på St. Jan (John), i 1733, da ei gruppe slavar prøvde å ta over øya, og danna eigen koloni. No er perspektivet hjå ei slavejente.
I Frihetens kjøtere møter me to sterke kvinner på ein plantasje på St. Croix, underlagt eit undertrykkande samfunnssystem. I siste halvdel av 1700-tallet blomstrer sukkerøkonomien, velstanden er overveldende. No veks det også fram ei gruppe frie farga. Boka viser korleis desse utfordrar makthierarkiet.

Fartein Horgar (født 1955) vaks opp som tredjegenerasjons misjonærbarn på Madagaskar då øya var ein fransk koloni. Horgar debuterte i 1980 med diktsamlinga Nattedikt og morgenhud. Han har seinare skrive lyrikk, romaner og sakprosa og har ein omfattande produksjon bak seg. Biblioteket har mange av bøkene hans.

Fartein Horgar