Granvin filial: Miljeteig og Mjør

Arrangement

Oddny Miljeteig i samtale med Kjersti Mjør

Dato / tid
27.02.2020, 19:00 - 20:00


Ustrigla og motstraums

Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget frå lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre månader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho låg på isolat då Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til å delta i valkampen. Dei neste åra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre år å stable seg på beina og gjere comeback i bystyret i Bergen.

Hausten 2019 fylde Oddny Miljeteig 65 år, og ho gav seg i politikken. SV-politikaren og sosionomen Miljeteig er først og fremst kjend som sosialpolitikar – ei markant stemme for dei svake og utstøytte. Nyleg kom BT-journalist Kjersti Mjør sin biografi «Hjartebank», om henne ut. 

I samtalen på Granvin bibliotek vil Miljeteig og Kjersti Mjør samtala om livet hennar, om sjukdomen og om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn.