«God bless» America, lunsjforedrag med Helge Simonnes

Arrangement

Tyrsdag 12. november kjem tidlegare sjefredaktør i Vårt Land, Helge Simonnes, til Voss bibliotek. Han har nettopp gitt ut den høgaktuelle boka Kampen om korset i politikken. Den handlar om korleis populistiske politikere over heile verda speler på religiøse kjensler for å tiltrekkje seg veljarar.
Konferanserommet.

Dato / tid
12.11.2019, 13:00 - 14:30


«God bless America» – Fake News som bana veg for Donald Trump

  • Donald Trump er eit skuleeksempel, men det er ikkje berre i USA det no blir brukt «God bless America»-språk. I hjartet av Europa blir kors, salmar og åndeleg retorikk tatt fram for å markere at det er ein kristen verdsdel som må verne seg mot innvandring og andre religionar, seier Simonnes.

Bilete av Helge Simonnes

Helge Simonnes

«Kampen om korset i politikken» har dei siste månedane skapt stor debatt. Sylvi Listhaug er gitt mykje plass i boka, men ho hevdar at ho aldri har blanda religion og politikk.

 

  • Slik eg forstår det, meiner eg at dette er feil. Ta for eksempel omgrepet «snikislamisering». Det er eit sterkt religiøst lada ord. Med foredraget ynskjer eg å gi innsikt i kor farlig det er når religiøs retorikk blir nytta i politisk argumentasjon og propaganda. At mange politikarar no vel å spele på religion, representerer ein stor utfordring for kyrkjer og kyrkelyder. I redselen for å blande religion og politikk, er det mange kyrkjeleiarar som ikkje tør å utfordre når religion blir brukt politisk, seier Simonnes.

Forfattaren meiner at dette også handlar om teologi.

 

  • I ein del kristne miljø står det sterkt at nokre rasar og nasjonar er spesielt utvalde til «Guds velsigning». Simonnes advarer mot denne politiske teologien.

 

Helge Simonnes (63) er forfatter og fast spaltist i Dagsavisen, der han kommenterer saker i skjæringspunktet religion og politikk. Han var i 25 år sjefredaktør i Vårt Land.  Simonnes er en mykje nytta foredragshalder i ulike samanhengar. Han har vore styreleiar i Norsk Presseforbund og Norske Mediebedrifters Landsforening. Han har tidligare gitt ut boka En Gud for de mange.