Glimesteinar , premiere. Fliflet, Opheim og Birgisson

Arrangement

Berit Opheim, Gabriel Fliflet og Bergsveinn Birgisson i ny litterær konsert med tekstar frå boka Glimesteinar, attdikta av Johannes Gjerdåker.
Det er Førdefestivalen – folkjazzscena og Rom for ord i Førde som står bak dette arrangementet, men me er så heldige å få premieren her på Voss
Arrangementet er i Kultursalen og kostar 350.- kr.
Billettar på www.vosskulturhus.no

Dato / tid
21.11.2018, 19:00 - 20:30


GLIMESTEINAR DU VIL HUGSE

Bilete av Birgisson, Fliflet, Opheim

Birgisson, Fliflet, Opheim

Somme tider hender det noko som gjer at du løfter hovudet. Noko som kjennest vesentleg. Noko du vil hugse.

På Island lagar folk viser i slike situasjonar. Visene har ei fast form og finn seg tonar frå tradisjonen. Hugsar du tonen, hugsar du orda – og omvendt. Slik hugsar du også det viktige som hende deg.

Johannes Gjerdåker

-Johannes Gjerdåker har gjort eit fantastisk arbeid med utval og gjendikting av visene våre i ”Glimesteinar”. Det er ei glede og ei ære for meg å få samarbeide med Gabriel Fliflet og Berit Opheim om å formidle sjangeren som eg er så glad i, seier den islandske forfattaren Bergsveinn Birgisson.

Viser på Island

-Eg er så heldig at eg har vakse opp med denne visekunsten, fortel Birgisson. – Om ein stortingsrepresentant skal vinne respekt av andre på Althingi i Reykjavik må han vere i stand til å lage ei slik vise, ei ferskytla. Det same gjeld andre yrkesgrupper. Når det i Dagsrevyen vert fortalt om ein kvinnekjær presidenten i Amerika, innleier reporteren saka med å kvede ei vise om kvinnekjære mannfolk. Når ein professor på Universitetet skal forelese om kva danning eigentleg er, siterer han ei ferskytla, greier den ut og seier stort sett ikkje meir om emnet. Feirar du fødselsdag på Island, er den ikkje vellukka om ikkje det vert laga ei vise om bursdagsbarnet, forklarer forfattaren som vil fortelje publikum meir om denne eineståande folkediktinga som er allemannseige på Island.

Førdefestivalen – folkjazzscena og Rom for ord mønstrar eit stjernelag når dei islandske visene møter publikum i nynorsk språkdrakt denne hausten.

Bilete av Johannes Gjerdåker

Johannes Gjerdåker

Gabriel Fliflet og Berit Opheim

Til den litterære konserten ”Glimesteinar” har Gabriel Fliflet tonesett fleire av visene i Gjerdåker si fine samling. – Tekstane er konsentrerte og poengterte, fortel musikar og komponist Gabriel Fliflet. – Det som skal seiast vert uttrykt i fire, korte linjer. Melodien må rekke å starte si ferd, gjere si reise og lande att. Ingen refreng, ingen omkvede. Det er ei spanande utfordring!

– Eg gler meg stort til å få vera med å formidla desse vakre, poetiske og fortetta tekstane til tradisjonelle norske og islandske melodiar, i tillegg til Gabriel sine nye, flotte meloditilskot. Det er inspirerande å vera i innøvingsprosessen med å lesa tekstar, øva inn nye melodiar og laga arrangement saman med Gabriel og Bergsveinn. Rett og slett stas, seier vår kanskje aller fremste folkesongar Berit Opheim.

– Den islandske visa formidlar det islandske landskapet, folket og historia, avsluttar Bergsveinn Birgisson og siterer ei av visene i Johannes Gjerdåker si gjendikting:

 

Lyder du når deg vert sagt
diktet folket laga,
får du opp i loven lagt
land og folk og saga.

Hlustir þú ef sé þér sögð
samankveðna bagan,
er þér upp í lófa lögð,
landið, þjóðin, sagan.

Billettar kr. 350,- på www.vosskulturhus.no og førehandssal i kulturhuset