Frå Mumletjønn til Gnuldrehei: Historia om norske stadnamn

Arrangement

Velkomen til eit underhaldande kåseri om norske stadnamn!

Dato / tid
05.12.2019, 19:00 - 20:00


NRK-journalist Gøril Grøv Sørdal har skrive boka Nomino, historia om norske stadnamn. Her viser ho korleis hendingar og epokar i norgeshistoria har ført til nye stadnamn. Ho kjem i desse dagar ut med boka Frå Mumletjønn til Gnuldrehei, som er ei humoristisk bok der vi får høyre om Noregs raraste, søtaste, vakraste og grovaste stadnamn. Gøril lagar ein lokal vri på alle biblioteka ho besøker, og tek opp lokale stadnamn publikum kjenner til.

Arrangementet er gratis. Boksal og signering under arrangementet