Forteljingar om tre

Forteljingar om tre

Arrangement

Biletføredrag med fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer

Dato / tid
26.03.2019, 19:00 - 20:30


Forteljingar om tre

Er trea våre gløymde kulturminne?

Det meiner fotograf og forfattar Lisbeth Dreyer. Ho har reist landet rundt for å laga boka «Fortellinger om trær».
I dette føredraget tek ho oss med til trolltrær i gamle furuskogar, til blomstrande frukttre i Hardanger og til magiske og heilage tre. For trea kan fortelja om tru og overtru, handverk og levekår, glede og sorg.

Konferansesalen, inngang 55,-