Takk til diktet

Arrangement

Voss Lyrikklag inviterer i samarbeid med Voss bibliotek til forfattarmøte med Anne Karin Fonneland. Oda Eirin Almeland bidreg med song. Det vert og ein kaffipause og diktet fritt.

Dato / tid
04.06.2019, 19:00 - 21:00


Anne Karin Fonneland (f 1956) er frå Sunde. Til dagleg underviser ho i norsk og samfunnsfag ved Kvinnherad vidaregåande skule. Ho debuterte i 1996 med diktsamlinga «Marmormjølk», der temaet omhandlar menneskesinnet som kjem på kollisjonskurs med utanforståande krefter. Ho har seinare skrive fleire lyrikksamlingar som har hausta gode kritikkar.

I diktsamlinga «Kvit som vind»( 2004) skriv ho «mjukt og gripande sterkt om alderdom i den siste livsfasen på institusjon. … ho tar både livet og lyrikken på alvor. Det krev både godt handverk og stort talent.»  (Hadle Oftedal Andersen, Dag og Tid.) Diktsamlinga «Det er så lyst» kom i 2011.

Fonneland har også skrive og medverka til bøker for born, i antologiane «Heltane er mette» (1996) og året etter i «Under påskemånen». I 1998 kom oppfølgjaren «Sju-ni-tretten», om ei klasse på sju elevar som no skal få ein ny elev i klassen. I 2017 gav ho ut ei diktsamling for born med tittelen «Flyg ut. Kom tilbake».

I 2014 debuterte ho som romanforfattar med «Apalgard» Det er ein roman om korleis vi havnar i relasjonar og korleis vi fell ut av dei att. Anne Karin Fonneland har også halde skrivekurs, og for barn og ungdom.

Forfattaren vil lese eigne dikt, fortelja om skriving som prosess, og litteratur som formidling.

Inngang kr. 100

VELKOMNE!