Føremiddagskonsert med studentar frå Ole Bull Akademiet

Arrangement

Ein halvtime med folkemusikk. Elevar frå Ole Bull Akademiet kjem til biblioteket og har konsert for oss. Gratis. Velkomen!

Dato / tid
20.02.2019, 11:30 - 12:00


Konsert med studentar frå Ole Bull Akademiet

Bilete av studentra

Studentar på OBA hausten 2018

Biblioteket samarbeider med Ole Bull Akademiet om to små konsertar kvart semester. Studentane kjem frå ulike stader og spelar mange slags instrument. Kom og få musikalsk påfyll i kvardagen.

Det utøvande bachelorstudiet på Ole Bull Akademiet / Griegakademiet utdannar folkemusikarar på høgt nivå, både solistisk og med tanke på variert musikalsk samarbeid.

Det fireårige utøvarstudiet i tradisjonsmusikk er ei studieretning innafor Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet – Institutt for musikk, Universitetet i Bergen. Fullt studium gir 240 studiepoeng og bachelorgrad ved UiB. Det meste av undervisninga skjer på Ole Bull Akademiet på Voss, men noko kan bli lagt til Bergen.

Det er årleg opptak til studiet. Ordinær søknadsfrist er 15. desember kvart år for studiestart hausten etter.

Opptakskrav: Generell studiekompetanse og greidd opptaksprøve. Søknaden skal innehalde ei liste over folkemusikkrepertoar (instrumentalistar: 90 minutt repertoar, songarar: 60 minutt). På opptaksprøva i veke 10 skal det framførast 5 nummer frå lista – 3 etter eige val, og 2 som komiteen vel ut. Prøva inneheld også eit intervju om motivasjon og bakgrunn.

 

 

Konserten er gratis.