Festkveld med Fløgstad, Fliflet og Gujord

Arrangement

Kjartan Fløgstad kjem til biblioteket saman med Gabriel Fliflet og Heming Gujord.
Gled dykk til ei feststund med desse gode formidlarane.
Arrangementet blir i kultursalen.
Billettar kr. 150.-
Førehandssal på www.vosskulturhus.no eller i kinokiosken.

Dato / tid
02.10.2019, 19:00 - 21:00


Festkveld med Fløgstad, Fliflet og Gujord

Bilete av Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad har gjeve ut over 50 bøker sidan debuten i 1968. Sidan det har han prega både den litterære og politiske debatten i Noreg. For boka Dalen Portland fekk han i 1978 Nordisk råds litteraturpris. I 2008 fekk han Brages ærespris.

Fløgstad er framleis svært aktiv og produktiv, og på dette arrangementet skal Fløgstad presentere den nye boka si som kjem ut hausten 2019.

Bilete av Gabriel Fliflet

Gabriel Fliflet

Men kvelden byr på meir enn det, i boka Sandharpesongar, har Kjartan Fløgstad samla songtekstane sine med notar og besifring. Gabriel Fliflet er ein av komponistane som har set vakre melodiar til desse dikta. Mange kjenner Fliflet fra samarbeidet med perkusjonist Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre.

Han har tidlegare samarbeidd med fleire forfattarar, til dømes Jon Fosse, Per Olav Kaldestad, Ragnar Hovland og Einar Økland. Fløgstad og Fliflet vil både syngje og fortelje om songane i boka.

Sist men ikkje minst får vi møte litteraturforskaren og Fløgstad-ekspert Heming H. Gujord. I 2018 gav han ut boka Fløgstad verk, som er den mest omfattande analysen som er gjort av forfattarskapet til Fløgstad. Få, om nokon, her til lands har like god oversikt over forfattarskapet til Fløgstad som Gujord. Han vil presentere boka si, og samtale med Fløgstad.

Bilete av Heming Gujord

Heming Gujord

 

Forfattarmøtet er ein del av markeringa av Bokåret 2019, og er arrangert i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.