Familielivet sitt kår i ei uroleg tid

Arrangement

Det vert fødd få barn i vår tid. Dette får dramatiske konsekvensar for samfunnet.

Dato / tid
25.04.2019, 19:00 - 20:30


Kva skjer med det kollektive perspektivet, når det stadig vert fokus på det individuelle bornet sitt sjølvrealiseringsprosjekt? Skapar dette prestasjonsangst og press? Og korleis lærer ein borna til å bidra i det sosiale fellesskapet i tillegg til det aukande fokuset på realisering av sitt eige potensial og dramuar?

I Forfattar Marit Eikemo sine to siste romanar Gratis og uforpliktande verdivurdering og Alt inkludert tek ho mellom anna opp temaet familielivet sine villkår og konsekvensane som følgje av foreldra sine val. Hilde Danielsen, forskar ved Rokkansenteret, har gjennomgåande interesse for tema som familieliv, kjønn og likestilling, tilhøve mellom velferdsstaten og borgarane, og om korleis endring skjer. Det intensiverte foreldrerolla spelar inn her.

Dei vil samtale om dei usynlege, men sterke normene som omgir familielivet og det intensive foreldreskapet som dominerer vår tid. Dei vil setje søkeljos på ulike problemstillingar knytt opp mot foreldrerolla – der borna i aukande grad står i sentrum for familielivet.

Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket, gratis inngang

Foto: Rokkansenteret

Hilde Danielsen

 

Foto: Samlaget

Marit Eikemo