Bokbad med Espen Stueland

Arrangement

Solrun Samnøy samtalar med Espen Stueland om hans nyaste bok, "Eilert Sundt-tilstanden"

Dato / tid
22.10.2019, 19:00 - 20:00


Eilert Sundt (1817–1875) etterlot eit særegent forfattarskap som vekslar mellom mange ulike fag. Han reknast ofte som Noregs fyrste sosiolog, men interesseområda gjorde han til meir enn det. Sundt kombinerte det å skriva personleg og vitskapeleg, og utfordra sjangerkonvensjonar og rolleforståingar. Han stilte spørsmål ved kven kunnskapen er til for. Han var ein hard refsar og øm forsonar.

Espen Stueland har oppretta ein ny litterær sjanger – den sakpoetiske biografien – for å femna om Eilert Sundt sitt svært allsidige virke. Boka har hausta svært gode meldingar sidan lanseringa i juni.

Arrangementet er gratis