Distriktsmusikarane møter Signe Seim

Arrangement

Signe Seim les dikt, distriktsmusikarane spelar. Det vert også samtale og refleksjon.
Inngang: 100,- kr

Dato / tid
08.11.2018, 19:00 - 20:30


Signe Seim, dikt og musikk

Bilete av Signe Seim

Signe Seim, foto Gidske Stark, Voss bibliotek

Denne kvelden vert det eit møte mellom ein diktar og tre musikarar. Signe vil plukka ut og lesa dikt frå ulike epokar og samlingar, alle hennar eigne. Dette vil til saman vil gje eit godt bilete av den samla forfattarskapen hennar. Distriktsmusikarane vil velja ut musikk som høver til dikta, erfaringa tilseier fortrinnsvis norsk musikk og fransk impresjonisme.

Undervegs vil musikarane samtala med Signe om tidlegare minne og møte, idear til dikt, samlingar og skriveprosessar. Det vert også  nokre refleksjonar om livet, døden, naturen og kunsten.

Dei tre musikarane er Stepan Frolov, fiolin, Kato Flem, piano og Øystein Haga, fløyte.

Signe Seim er ein kjend og kjær forfattar både på Voss og elles i landet.

I Allkunne kan me lesa dette om forfattaren:

Signe Finne Seim, lærar, omsetjar og lyrikar som mellom anna har utvikla læremiddel om Ivar Aasen og Per Sivle.

Signe Seim er fødd på Voss 1. mai 1929. Etter at ho tok eksamen ved lærarskulen i Oslo i 1952, arbeidde ho som lærar på Nesna i eitt år, i Oslo til 1954 og sidan på Ål til 1980. Deretter har ho vore forfattar på heiltid.

Seim debuterte i 1960 med diktsamlinga Trø varleg, min fot. Ho har særleg dyrka lyrikken og har gitt ut ni diktsamlingar. I 1986 kom Her budde ein gong eit barn, ein prosalyrisk, psykologisk roman om jenteoppvekst. I diktsamlinga Rop hausten heim (2009) finst mange dikt med religiøse allusjonar, og ein kristen bodskap er elles tydeleg gjennom heile forfattarskapen.

Ein annan sentral tematikk er mennesket i møte med ein sårbar natur. Ho er oppteken av økologiske problem. Fugleliv og vekstar i breheimen har òg ein symbolsk og religiøs funksjon. Seim høyrer heime i ein modernistisk tradisjon, og språket er konkret. Ho kan tidvis blande inn latinske botaniske termar, og i nokre høve brokkar frå tysk og engelsk.

Seim har òg skrive for barn. Ho har utarbeidd undervisningsopplegg til skulebruk om Per Sivle (1974) og Ivar Aasen (1978). Tre små skodespel i eit lettleshefte kom òg ut i syttiåra. Ho har sidan publisert forteljingsbøkene Ekornfolket frå Hundreårsskogen (1993) og Rypefolket i Snøfonndalen (1999), og ho har omsett nokre barne- og ungdomsbøker og har skrive bokmeldingar.